Besøg vores mobil side
 .

Internasjonale retningslinjer mot utkast av fisk

Udgivet af FiskerForum den 08-02-2011 · info@fiskerforum.dk

FN sin matvareorganisasjon (FAO) har på møtet i FAO sin fiskerikomité denne veka vedteke internasjonale retningslinjer mot utkast av fisk.

Vedtaket er eit viktig steg i den globale kampen for å vinne bukt med problema knytt til denne uforsvarlege ressurssløsinga, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

I 2009 bestemte FAO sin fiskerikomité (COFI), basert på eit forslag frå Noreg, at det skulle utviklast internasjonale retningslinjer for å vinne bukt med problema knytt til bifangst og utkast. - Vedtaket i fiskerikomiteen i FNs matvareorganisasjon er eit klart signal frå fiskerinasjonane i verda om at utkast av fisk er eit alvorleg problem, og viser at det er vilje til å gjere noko med dette, seier fiskeri- og kystministeren.

Retningslinjene er klare på at all fangst må registrerast, og peiker på ei rekkje ulike tiltak som kan innførast for å redusere bifangst og utkast.

-Kvart år blir store mengder fisk kasta på havet. FAO har rekna omfanget til rundt 7 millionar tonn årleg, dvs. nesten 3 gonger så mykje fisk som det totalt blir fanga i Noreg på eitt år. Også EU støtta forslaget til retningslinjer. Det er veldig positivt, og viser at EU tek problema knytt til utkast på alvor. Dette er positivt for dei felles fiskebestandane våre i Nordsjøen, seier Berg-Hansen.

Kilde: Regjeringen.no

Syntes du om artiklen - så huske at like den på Facebook - så dine venner også får mulighed for at læse den.


© 2017 • Fiskerforum • CVR 32663192 • www.fiskerforum.cominfo@fiskerforum.com • Tlf +45 9731 1946 Cookie- og privatlivspolitik

FiskerForum er drevet af Apollomedia

*/