Nytt regelverk er fastsett for å få PD under kontroll på Vestlandet og stanse spreiing

Fiskesjukdomen Pankreassjukdom (PD) har dei siste åra vore eitt aukande problem på Vestlandet. Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett nytt regelverk for å få PD under kontroll på Vestlandet og for å stanse vidare spreiing av sjukdomen.  


- PD er ein alvorleg trussel mot norsk oppdrettsnæring og medførar store tap for næringa samstundes som den påfører fisken velferdsmessige problem. Med det nye regelverket legg vi opp til å kontrollere sjukdomen og redusere tapa på Vestlandet, samstundes skal vi førebygge vidare spreiing av sjukdomen til andre delar av landet, seier statssekretær Vidar Ulriksen. 


Det nye regelverket er basert på ein tiltaksplan mot PD som er utarbeida av Mattilsynet gjennom eit tett samarbeid med næringa. Regelverket medførar at PD blir ein meldepliktig B-sjukdom i heile landet. Det blir skipa ei PD-sone som vil omfatte området frå Rogaland til Hustadvika i Møre og Romsdal. I sona vil det bli krav om testing for PD-virus før transport, og varslingsplikt ved positive funn. Mattilsynet vil kunne fastsetje vilkår knytt til transport og anna drift i sona. Eit viktig tiltak er skiping av smittehygieniske felleseiningar, der drifta så langt råd skal koordinerast. I denne samanhangen er godt samarbeid mellom næringa og Mattilsynet avgjerande.  


Det vil bli forbode å flytte fisk med mistanke om PD, PD-sjuk fisk eller PD-virus positiv fisk ut av sona.  


Eit tiltak som har vore særlig drøfta med næringa, er om all stamfisk skal testast for PD-virus. Etter ei grundig vurdering har Fiskeri- og kystdepartementet avgjort at eit slikt krav må sjåast i samanhang med eit framtidig program for testing av stamfisk i heile landet.  Kravet om ei slik testing vil først tre i kraft når det kan gjennomførast for heile landet. 


 - Ein føresetnad for å lukkast er at næring og forvaltning samarbeidar om å kontrollere PD. Det er difor viktig at næringa ser på eigne rutinar, mellom anna samarbeid med andre aktørar og vektlegging av koordinert brakklegging, seier statssekretær Ulriksen. 


Kilde: Fiskeri- og kystdepartementet 



23-11-2007 19:50:23

Print

Seneste nyheder

Tormo Trawl
Frydendahl Fiskenet
DanFish 2013

Søg i Kort Nyt

Nyheder 2007

Nyheder 2007

Tor-Mo Trawl ApS
Thyborøn Trawldoor
VestjyskBANK
JL Skibsservice

Søg i Kort Nyt


Arkiv


Årets arkiver

© • Fiskerforum • CVR 20075376 • www.fiskerforum.cominfo@fiskerforum.com • Tlf +45 9731 1946 Privatlivspolitik

webdesign & webhosting by Apollomedia