Over en million tonn sild

Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland har inngått ein avtale om forvaltninga av norsk vårgytande sild for 2009. Totalkvoten neste år blir 1.643.000 tonn. Noregs del på 61 % ligg fast og utgjer 1.002.230 tonn.


Sildebestanden er i svært god forfatning og blir hausta berekraftig. Neste års kvote er fastsett i tråd med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES), og inneber ein auke samanlikna med kvoten i år.

Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen som har til formål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. I følgje ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

Partane har avtalt tilgang til kvarandre sine soner på same relative nivå som i år.


Kilde: Fiskeridirektoratet Norge 



14-11-2008 18:17:24

Print

Seneste nyheder

Tormo Trawl
Frydendahl Fiskenet
DanFish 2013

Søg i Kort Nyt

Nyheder 2008

Nyheder 2008

Hirtshals Havn
marine-surveyors.eu
Faroe Maritime Technic
Danfish 2013 - 9. - 11. Oktober 2013

Søg i Kort Nyt


Arkiv


Årets arkiver

© • Fiskerforum • CVR 20075376 • www.fiskerforum.cominfo@fiskerforum.com • Tlf +45 9731 1946 Privatlivspolitik

webdesign & webhosting by Apollomedia