Større satsing på fersk fisk

- Mange forbrukarar ønskjer ferske sjømatprodukt av best muleg kvalitet. Gjennom levandelagring kan vi sikre jamnare tilgang på slike produkt. Men levandelagring i større omfang er ei relativt ny næring, og det er behov for meir kunnskap. Difor vil vi etablere eit kompetansesenter for levandelagring. Senteret blir lagt til Nofima i Tromsø, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Vidar Ulriksen lanserte etableringa av eit kompetansesenter for levandelagring av fisk i sin innleiingstale til årsmøtet i Nordland Fylkes Fiskarlag i Bodø i dag.

Etableringa av kompetansesenteret for levandelagring er ei vidareføring av tiltaka i ferskfiskstrategien som vart lansert for to år sidan. Målet med ferskfiskstrategien er å leggje til rette for at dei naturlege fortrinna Noreg har, som tilgang på fersk råstoff og nærheit til marknadene, vert utnytta betre.

Om levandelagring:
Torsken følgjer lodda i si vandring inn til kysten i Nord-Noreg på vinteren/våren. Det er i hovudsak kystfiskeflåten som fiskar denne torsken. Problemet er at torsken tidvis har forbigåande dårleg kvalitet grunna beiting på lodda. Dette vert omtala som ”loddesprengt torsk”. Ved å fange denne torsken levande, og levandelagre han i ein periode, kan kvaliteten aukast betrakteleg. Gjennom meir levandefangst og -lagring kan derfor industrien som eksporterer fersk fisk få jamnare tilgang på fisk av god kvalitet i større deler av året. Dette er viktig for å tilfredsstille dagens forbrukarar som i stadig større grad spør etter ferske sjømatprodukt av høg kvalitet.

Andre tiltak i ferskfiskstrategien:
Ferskfiskstrategien skal også følgjast opp gjennom å forlengje og vidareutvikle andre tiltak som kan gje optimal kvalitet på fisken som vert landa, kontinuitet i leveransane av fersk fisk til marknadene og auka samarbeid mellom villfisknæringa og oppdrettsnæringa.

• I ferskfiskstrategien vart det også oppretta ei prøveordning over tre år med 20 prosent kvotebonus til fartøy som driv med levandefangst. Denne ordninga vert vidareført i 2010.
• Mattilsynet har gjennomført ein nasjonal tilsynskampanje og styrka samarbeidet med Fiskeridirektoratet. Dette samarbeidet vil no bli formalisert slik at dei offentlege ressursane vert brukte på ein mest mogleg effektiv måte.
• Mattilsynet har også sett i gang eit arbeid med revisjon av kvalitetsforskrifta for fisk og fiskevarer. Målet er å forskriftsfeste dei faktorane som er mest avgjerande for god kvalitet. Dette er arbeid som næringa vil bli trekt inn i, og her er vi avhengige av gode innspel frå næringa.
Kilde: Fiskeri- og kystdepartementet, Norge 



24-09-2009 15:46:54

Print

Seneste nyheder

Tormo Trawl
Frydendahl Fiskenet
DanFish 2013

Søg i Kort Nyt

Nyheder 2009

Nyheder 2009

Seatech
Marineservice Limfjorden
West Ship
Niels Jørgen Winther Skibselektro

Søg i Kort Nyt


Arkiv


Årets arkiver

© • Fiskerforum • CVR 20075376 • www.fiskerforum.cominfo@fiskerforum.com • Tlf +45 9731 1946 Privatlivspolitik

webdesign & webhosting by Apollomedia