Besøg vores mobil side
 .

Regulering av fisket etter blÄkveite i 2012

Partane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart i haust samde om ein totalkvote for blÄkveite pÄ 18 000 tonn i 2012, der Noreg fÄr ein kvote pÄ 9165 tonn. Av det norske kvantumet vert 465 tonn sett av til forsking.

Ordninga med at kystflĂ„ten sitt direktefiske etter blĂ„kveite vert gjennomfĂžrt i to periodar om sommaren vert vidarefĂžrt i 2012. Dette for Ă„ ta omsyn til varierande fisketilgang langs kysten. FĂžrste periode startar 28. mai og andre periode startar 30. juli. Maksimalkvotane vert auka med 25 prosent til 12,5, 15,0 og 17,5 tonn – avhengig av lengda pĂ„ fartĂžyet. Fisket vil verte stoppa nĂ„r ein reknar periodekvotane pĂ„ hĂžvesvis 3100 tonn og 1300 tonn for Ă„ vere oppfiska. Ein stĂžrre del av kvantumet enn tidlegare vert altsĂ„ lagt til fĂžrste periode, som ei tilpassing til at det dĂ„ er stĂžrst interesse for Ă„ delta i dette fiskeriet.

Konvensjonelle kystfartĂžy over 28 meter stĂžrste lengd kan ikkje ha meir enn 17,5 tonn blĂ„kveite som bifangst. Elles vert reglane om bifangst av blĂ„kveite vidarefĂžrt, med unntak av at all bifangst av blĂ„kveite som vert fiska av kystfartĂžy under 28 meter utanom direktefisket – ogsĂ„ det som mĂ„tte vere fiska etter at direktefisket er avslutta – skal gĂ„ til frĂ„drag i det enkelte fartĂžyet sin maksimalkvote.

For havgÄande konvensjonelle fartÞy og trÄlarar vert kvotane auka frÄ 40 til 50 tonn i 2012. Desse kvotane skal ogsÄ dekke eventuell bifangst.


© 2017 ‱ Fiskerforum ‱ CVR 32663192 ‱ www.fiskerforum.com ‱ info@fiskerforum.com ‱ Tlf +45 9731 1946 Cookie- og privatlivspolitik

FiskerForum er drevet af Apollomedia